– Kva kostar ein basketbane?

Spennande om det kan bli ein basketbane i Leirvikområdet.

På vegner av ungdomane som har ytra ønskje om  ein eigen basketballbane i eller kring Leirvik, tok  Geir Angeltveit (V)

tysdag saka til politiske høgder. I utval for oppvekst og kultur spurde han kva slike banar  kan kosta,  kor sstor plass dei krev og kva som skal til for å få ein bane på plass.

– Kva eit slikt anlegg kostar vil sjølvsagt variera med storleik, val av dekke/andre materialar, tomteforhold, lys, inngjerding og grunnarbeid. Om det var ei ferdig flate ville ein klart seg med lite til grunnarbeid, berre avretting og asfaltering, svarte administrasjonen. Innhenta prisdøme frå annan kommune viste talet 1,1 mill for  komplett anlegg, med grunnarbeid lys og multisportsdekke. Vel 600.000  er prisen  utan lys og vanleg asfaltdekke.

På spørsmålet om kor sto plass baskebane krev, var svaret  ei flate på 20×32 meter, inklusive tryggleikssone. Ein føreset at banen blir  rigga til på kommunal grunn.