Fortauet som ikkje kom i bruk

Fortauet utan inngang over Ådland bru (Foto: Tor Resser)

Me  er tilbake til 1980. Og – jodå, det vekte ein viss åtgaum at det vart sett opp autovern også der gåande frå Sæ trudde dei skulle koma seg inn på fortauet på austsida av nyebrua på Riksveg 14 (den gongen). Brua over Trongaste, der Ådlansvatnet renn inn i Frugardselva.  

Det verka noko rart at det var ope for innstig til fortauet frå nordsida av brua – samstundes som det var stengt for utgang på sørsida. Dei som prøvde seg, måtte klatra over autovernet. Fortausopning i sørenden kom aldri. Mogleg forklaring kan vera at Ådland bru, som namnet blei, ikkje var meint for ferdsle for mjuke trafikkantar  i det heile.

Tilhøva for turfolk  endra seg når det kom gangbru over  Trongaste og sidan når det kom  gangveg langs vassdraget.