Ber om humpar – og lågare fart

Fartsdumpar vil gje tryggare trafikk over Flathaugane og i Hatlandsåsen, meiner oppsitjarar. (Foto: Steinar Hystad)

Frå  oppsitjarar i bustadfelta  Flathaugane og Hatlandsåsen  har  vegmyndet i kommunen motteke  godt grunngjevne søknader om fartsdumpar.

I begge bustadområda  er det leikande born,  og i begge e-postane  blir det vist til urovekkande høg fart på ein del bilar som køyrer gjennom felta.  Såleis er det aukande fare for ulukker  om det ikkje kjem på plass fartsreduserande humpar i vegbanen.