Tjolahopp! Pippi Langstrømpe til Skånevik i sommar!

Det er berre å setja av 13. – 16. juli 2023! Då blir det tøys og fanteri fire dagar til ende – med teaterstykket «Pippi Langstrømpe» på scena i hotellhagen! Det blir også mange andre kjekke aktivitetar og overraskingar! 

Me er så heldige at me har fått Amalie Krogh og Niels Petter Solberg som årets regissørar, og Aud Sigrid Flesland skal skapa magisk scenografi.

Festivalen blir arrangert av Skånevik Fjordhotel. Det blir med andre ord ein sommar der me går tilbake til Pippifestivalen slik den var dei første åra – med hotellsjef og initiativtakar Inger Karin Larsen i spissen. Det var også «Pippi Langstrømpe» som var vår alle første teateroppsetning i hotellhagen for 15 år sidan, så det er ekstra gøy at det er sjølvaste Pippi som kjem tilbake frå dei sju hav akkurat i år. 

I Skånevik blir det garantert ablegøyer for heile familien frå morgon til kveld – og me håpar alle tar turen til hotellet og denne perla av ein familiefestival. Slik at festivalen kan leve i år og generasjonar som kjem!