Scheen Jazzorkester & Storløkken på jazzklubben

Scheen Jazzorkester på Stord Hotell laurdag kveld.

Scheen Jazzorkester har sidan 2010 produsert og gitt ut 8 album, av dei inneheld 7  originalskrivne bestillingsverk frå fleire av bandet sine eigne medlemmer. No er det duka for ein ny ekstern komponist, ingen ringare enn sjølvaste Ståle Storløkken som har skrive musikken. Storløkken skal og vera med i bandet som musikar og solist.

Det er duka for ein heilaften i Storløkken sitt mangefasetterte univers, kor hans spanande musikalske idéar skal samanflettast med Scheen Jazzorkester, skriv jazzklubben på heimesida si.

Scheen Jazzorkester (SJO) blei starta i 2010 som eit profesjonelt jazzorkester med base i Skien. Bandet har sidan klart å etablera seg som ei sterk stemme på den norske og europeiske jazzscenen, og er i dag Sørnorsk Jazzsenter sitt regionale store ensemble. SJO har 8 kritikarroste album bak seg. Det siste albumet «Logical Fallacies» kom ut på Jazzland Records i september sist haust. I tillegg blei produksjonen filma og vist på NRK2. Dei gjennomførde og ein omfattande turné med den amerikanske superstjerna, trompetisten Ambrose Akinmusire og vokalist Live Maria Roggensom gjestemusikarar. SJO består av 12 musikarar med bakgrunn frå både jazz og klassisk musikk. Dette gir bandet eit særeige og mangefasettert uttrykk som spenner frå klassisk kontemporær samtidsmusikk, via orkestrale tilnærmingar til europeisk kammerjazz.