Overskot –  trass prishoppet på straum

Pergola’en utfor Huglabutikken er blitt ein populær samlingsplass. Her frå «Pizza og Quiz» palmeonsdag. (Foto: Steinar Hystad)

– Me prøver å redusera straumrekninga. Med slike plakatar på vindauga til eit par kjøleskap for drikke og  bær/frukt, opplyste Huglabutikken at dei gjorde det dei kunne for å redusera utgifter, då straumprisen auka  faretrugande ved eit par høve i fjor. Då rekneskapen for  nærbutikken vart gjort opp, viste konto for straum ein auke frå 69.000 i 2021 til 181.000 i 2022. Det vart søkt om, og innvilga noko støtte, men straumrekningane gjorde likevel gode innhogg i «kassen».

Likevel klarte den folkeeigde Nærbutikken å avslutta rekneskapen for fjoråret med eit overskot på vel 100.000 kroner. Omsetnaden nådde 5,8 millionar kroner og viste auke på 13% frå året før.

I fjor sommar kunne ein nybygd pergola takast i bruk i inngangspartiet til butikken, ei investering støtta av Merkus-programmet. 

Huglabutikken inviterer til  generalsforsamling/årsmøte i byrjinga av mai.

Biletet