Standardglipe i Jektavik-ventebenken, tru?

Finst det mal for glipbreidde i venteromsbenker? (Foto: Steinar Hystad)

Ikkje eit halvvodt ord om sjølve venterommet ved Jektavik ferjekei. Inne var det både reint og fint og god lunk, det var då benkene langs veggene vart utprøvde som sitteunderlag ein kunne koma så smått i tvil. Ikkje om valet av trevirke, for det var solid og greitt nok. Meir utfordrande vart det med glipene mellom bordgangane, der den «indre» var høvande,  medan den «ytre» på cirka seks centi vart i breiaste laget. I alle fall for bakendane som venta på ferja denne kvelden.

Etter oppdaginga vart det som ventande kunne vera i eit venterom, sett i gang «småltåk» om det i regleverket er fastsett kor brei ei glipe i ein rimeleg komfortabel benk bør vera?

Og då bør ikkje nødvendigvis malen vera á la benkene langs veggen i Jektavik  velhaldne venterom.