Ber om offentleg toalett i bydelen

Fin bydel manglar offentleg toalett. (Foto: Steinar Hystad)

Besøkjande til Sagvåg som kjenner på at indre naturkrefter har noko på gang, og ser etter eit offentleg lite rom for å kvitta seg med overskotsmaterialet, kan få problem.  Avtalen kommunen hadde om å halda ope eit offentleg toalett, skal vera sagt opp og døra er no låst.

– Dette problemet er spesielt stort frå påsketider og frametter sommaren når båt- og bubil-turistar og ande besøkande kjem til dette flotte området av Stord, skriv bygdalaget i e-post til kommuneadministrasjonen. 

– Frå KIWI-butikken er laget blitt sterkt oppmoda om å ta avtrede-problematikken  opp med rette kommunale instans, avdi butikktilsette stadig må hjelpa trengande ved å opna personale-toalettet. – Noko som slett ikkje er haldbart på ein slik arbeidsplass, det hygiene er alfa og omega, påpeikar Sagvåg Bygdalag.

Håpet er at det kan finnast ei god offentleg do-løysing for bydelen innan sommarsesongen set inn for alvor.