Slåtteløkjen og andre Stord-løkar

Byrkjelandsløkjen Vassmålestasjon har namnet etter den oppdemte løkjen i dette området. (Foto: Steinar Hystad)

I tillegg til Løkjabrotet har stordrondt.no  søkt seg fram til fem  andre lokale stadnamna med løk/løkjen som eine stavinga. Men før me tek runden i geografien vår, bør det forklarast kva ein ein løk er,  og her snakkar me ikkje  om grønsaka som får tråene til å trilla når han blir skoren i bitar.

I boka «Namnevandring i Stord og Fitjar» skriv Kari Lønning Aarø og Jan Rabben: «Vegen frå Skjersholmane har delt  Byrkjeland i to, og heile  Løkjen ligg no  på nedsida av denne. Ein løk er eit våtlendt stykkje, som er blitt oppdemt.»

Den som svingar seg bortom  kommunen sitt vassforsyningsanlegg i krysset  mellom Skjersholmanevegen/Vågavegen/veg mot Digernesterminalen  kan på det store vinduet i bygget der lesa BYRKJELANDSLØKJEN VASSMÅLESTASJON.

Andre løkar  er : Slåtteløkjen (på Fjellgardsvegen nett før avkøyringa til Vad).  Kroktjødneløkjen (på fv 545  nedre Valvatna)   Gaussløkjen ( i skogen mellom Stuva og Øvre Økland  og  Dalsløkjen (i skogen ovom Dale, Litlabø).

Særmerkje for løkane som har veg og trafikk over seg, er at dei  ligg lågt i tidvis særs vått lende.