Kjekt det framleis er slike flokkar å sjå

Sekundar etter fotoknipset, letta den store svarte flokk og det var som ei lita sky for avgarde. (Foto: Steinar Hystad)

I dei øvste toppane på eit større  tuntre på Huglo er det rett og slett «svart» av fuglar. Usikker på kva rette namnet kan vera, vender stordront.no  seg igjen til natur- og fuglekjennar  Jan Rabben.  Han kan opplysa:

– Dette er ein stareflokk; det er tida for heimkome. Veldig kjekt å sjå at det framleis er slike flokkar å sjå. Staren har hatt ein kraftig tilbakegang og er del av ein dyster statistikk. Europeiske fuglebestandar har minka med ca. 600 millionar individ sidan 1980.