Ønskjeleg med saksebom her også

Ingen stengsler om ein kjem i litt fart ned brekka mot E39 i Lønningsdalen. (Foto: Steinar Hystad)

Litt seinare denne månaden skal det etter planen opnast «ny» gangveg frå  Bandadalen  ned mot Fv 544,  nokolunde i traseen der det for tida blir langt høgspentkablar  i grøfter  frå Vabakkjen trafostasjon.  Det er lova at det av  omsyn til trafikktryggleiken skal koma saksebom nedst i gangvegen, slik at ein må stoppa på og ikkje farta ut i hovudvegen.

Fortau i Bandadalen heng saman med fortau i Studalen og turvegen vidare mot Litlabøkrysset og inn i Landåsen.  Det fører ein bratt bakke ned mot sjølve krysset  og E39, på ein lite oversiktleg stad, og stordront.no er kjent med at det er mange som kunne tenkt ein seg ein tryggleiks-saksebom  også der.  Kan det vera mogleg å få på plass ein liknande installasjon i Løningsdalen, som dei no får i enden av gangvegen på Vabakkjen?