Vidsynt byvelkomst

Dette synet møter no tinnrullande trafikk til bykjernen. (Foto: Steinar Hystad)

Stordront.no har tidlegare våga seg frampå med ei ytring («stusleg byvelkomst») om dei to grå pallane som tek imot Leirvik-trafikken i rundkøyringa på Vabakkjen.  Som ei velmeint motvekt, går det frå den ultralokale nettstaden  ut rosande ord til den kommunale grøne etat for jobben som er gjort i bakkant av Kulturhuset.  I brattbakken ned frå Vikabrekko er det skore  vekk ein bråte  tre som var i ferd med å riva til seg  utsikten over bykjernen.  No er det vidsyn  som gjeld – og det fører me gladleg inn i plussmargen. 

PS: I nemnde brattbakken er det laga til med  rasteplassbord kor ein kan nyta byen og følgja med på aktivitetane  i Gropo – når det berre vårast litt meir.