–  Greie for  «streetbasket»

Denne korga er for  «streetbasket»  ved Stord Ungdomsskule.  (Foto: Steinar Hystad)

– Mange ungdomar på Stord likar å spela baskeball, har kommunen planar om å  laga til fleire banar for  dette kjekke ballspelet?

Spørsmålet fekk kommunen i  ein e-post for litt sidan, og no har Sylve Rusten, rådgjevaren for idrett og friluftslivrus, sendt svar i retur.

Det lyd slik:

– Hei!

Det er ikkje midlar/planar om nye basketballbanar i Stord kommune no. Innspelet vert teke med i arealplanen til kommunen som er under utarbeiding. Basketballklubben jobbar med å få til ein bane ved Nordbygdo ungdomsskule. Elles er det basktekorger i ballbingene på Rommetveit skule, Langeland skule og ved Åsbana. Elles er det basketkorger ved fleire av dei andre skulane. Sjølv om det ikkje er oppmerka banar er dei greie til streetbasket. Det vil og verte laga noko ved uteområdet ved Nysæter ungdomsskule no på vårparten. Lukka til med spelinga.