– Køyrande gjennomfartsveg, eller?

Den gule sperra, kviler for tida under vekstvillig eføy ved Vidsteensvegen (til venstre i nedre biletkant) (Foto:Tipsar)

I kryss på toppen av  Skrivarvegen går det veg inn til  Frelsesarmeen, Vidsteenstunet og Tingrettsbygget.  Vidare fører vegen til Sunnhordlandstunet og Parken, og det offisielle namnet er, ikkje uventa, Vidsteensvegen.   Undrande turruslar i området  lurer på om status er endra for øvre halvdel av vegstubben, frå rein gangveg til køyrande gjennomfartsveg?.  

– Eg spør av den gode grunn at stålinstallasjonen  som tidlegare sperra for køyrande trafikk, gul på farge, no ligg i grøfta delvis kamuflert av ein vekstvillig eføy, seier tipsaren.