Ny reguleringsplan på gang for Saghaugvegen

Ny reguleringsplan på gang for Saghaugvegen. (Foto: Steinar Hystad)

– Der er tre fartsdemparar på vegen over Saghaugen som ikkje kan væra etter gjeldande standard, skriv ein brukar til stordront.no.

Det vert peika på at når ein skal over «humpane»,   dett ein først ned i ei grop, deretter skal ein over humpen og då dett ein ned i neste grop. Dette er sikkert til skade for dei som køyrer med farten som tillate i området, meiner avsendaren.

Nettavisa har lagt klagen fram for vegeigar, i dette høvet Vestland fylkeskommune (FV 5056), kor Roger Lemme i avdeling for Infrastruktur og veg, opplyser at dei har eit større fokus mot Saghaugvegen enn nett «humpane».

– Det blir jobba for nye reguleringsplan for vegstubben frå krysset mot FV 544 til krysset mot Kjøtteinsvegen. Asfalten i seg sjølve er i mindre god stand med mykje lapping etter leidningsbrot, fortaua er for smale, og fortauskantane for låge. Når det gjeld  fartsdemparane skal dei etter «Håndboken» har ei viss utforming, stadfestar Lemmer i praten med stordront.no.