Korkafêen ønskt hjarteleg velkomen attende

Fullsett i Frelsesarmeen sin lokale på korkafèen til Leirvik Mannskor. (Foto: Steinar Hystad)

Leirvik Mannskor sin korkafè og basar i Festsalen på Grand var eitt av mange arrangement som vart råka og avlyst under pandemien. Så når koret no søndag inviterte til  hyggjestunda etter 4 år utan, og det i nye lokale, var det med spenning songarane stilte seg i velkomsten til Frelsesarmeen sin festsal. Ville godtfolk møta?  Det ville dei så absolutt – det vart fullt rundt alle bord.  – Dette var gledeleg, sa korformann  Johannes Jacobsen  då han helsa velkomen: – Til konsert, matøkt, åresal og trekking,  allsong og meir  mannskorkonsert under leiing av dirigent Ailin Sanden Nymark.  Ein god songbasar-tradisjon er med andre ord komen i gang igjen på Leirvik.

Formann Jacobsen nytta høve til å reklamera for gleda  med stemmebruk i  eit kor, og ønskte nye  røyster vel møtt til lytting og øving med  mannskoret måndagar (kl1900) i Ungdomshallen.  

– Kjekke samkomer dette! Det var god stemning og brei semje kring basar-bordet, (Foto: Steinar Hystad)