Ta dei heim att snarast

Ta dei heim snarast etter tøminga.

Nabokommunane på herlege Stordøy gjekk måndag  ut med felles oppmoding til abonnentar på boshenteordninga.

Stord kommune kom med denne informasjonen:

«Brøytemannskapa våre opplever ofte at bosdunkar står i vegen for brøyting og strøing. Tekniske tenester ber difor om at de ikkje let bosdunkane stå i vegbana unødig lenge.»

Fitjar kommune sa det slik:

Hugs å ta heim bossdunken!Brøytemannskapa oppmodar alle om å ta heim bossdunken snarast mogeleg etter tøming, spesielt på dagar med mykje snøfall.