Her skal det bli folkfest

«Folk i sentrum» har lagt folkefesten til hamneområdet laurdag 10. juni. (Foto: Steinar Hystad)

For femte året på rad vert Folk i sentrum arrangert 8. – 11. juni 2023. Stord kommune saman med næringsliv, frivillige lag og organisasjonar står bak arrangementet med mål om å fremja helse, trivsel og fellesskap.

Laurdag 10. juni kl. 10-15 vert det folkefest i og rundt hamna i Leirvik sentrum. Her blir det aktivitetar og tilbod for liten og stor! Dei som ønskjer å bidra med stand, aktivitet eller anna desse dagane kan registrera seg på denne påmeldingslenka.

Aktuelle aktivitetar kan vera:

  • Presentasjon av frivillig organisasjon eller organiserte aktivitetar.
  • Song, musikk, dans eller andre kulturuttrykk.
  • Sal av sjølvlaga produkt.
  • Informasjon om helsetilbod, treningstilbod og liknande.

– Nytt denne sjansen til å visa fram det du/de driv med, og inspirer andre til å bli engasjerte. Folk i sentrum er ein aktiv og inkluderande møteplass der folk gjerne vert inviterte med i aktivitetane. For at alle skal kunna delta ynskjer me at aktivitetar så langt som mogleg skal vera gratis, skriv kommunen på «heimesida».

Frist for påmelding: 25. mai 2023