Berre for korttidsparkering i Sandvikvåg

Parkeringsplassen framom dei to støa i Sandvikvåg er berre for korttidsparkering, skriv støeigar Statens Vegvesen.

Fitjar kommune påpeika i brev til Statens Vegvesen at parkeringsplassen  på sjølve ferjekaien i Sandvikvåg alt for ofte er «okkupert»  av bilar som står der over tid. Det er feil bruk av  desse parkeringsplassane, går det fram av svaret frå Vegvesenet.

– Her var det lagt opp til  korttidspakering for henting og levering i samband med anløp av ferje.  At plassen no fungerer som langtidsparkering er ikkje etter intensjonane, slik parkering har sin plass lenger oppe på ferjekaiområdet, skriv Vegvesnet – og gir følgjande lovand:

– Det er opplyst frå kommunen at det no manglar skilting på staden. Vegvesenet vil ta initiativ til at rett skilting blir etablert  igjen.