Mykje byggenytt første månader

Avløpspumpestasjonen i Hamnegata har fått si endelege godkjenning, Det same med innglasa terrassar i Hamnetind. (Foto: Steinar Hystad)

23. februar vart sak nummer 98 så langt i år, behandla og godkjent hjå Eining for byggesak, regulering og oppmåling (RBO) i Stord kommune.

Søknaden galt ferdigattest for tilbygg pumpestasjon til sentrallageret, Kjøtteinsvegen.  Av andre godkjenning i februar, kan nemnast:

  • Løyve igangsetting nybygg vidaregåande skule, Vikastemmo
  • Løyve til tiltak – nybygg serveringslokale, kontor utleigerom, Nordhuglo
  • Ferdigattest Nybygg lagerhall, Meatjønnsvegen
  • Mellombels bruksløyve  – seks naust, kai og flytebrygger, Skjersholmane
  • Løyve til tiltak – etablering ny off. avløpsleidning og pumpestasjon, Sponavikvegen
  • Ferdigattest  einebustad, Øklandslio
  • Ferdigattest avløpspumpestasjon, Hamnegata
  • Løyve til tiltak, nybygg garasje. Rødkleiv
  • Godkjenning av tiltaksplan for ureina grunn, Kjøtteinståa
  • Løyve til tiltak –  einebustad  Bjellandsvegen
  • Løyve til tiltak – ISP-gjerde, Eldøyane