God aktivitet i Nysæter kyrkje

Nysæter kyrkje

Etter gudstenesta i Nysæter kyrkje søndag 12. mars, blir det invitert til årsmøte for kyrkjelyden i  bydelen.  Styret i  kyrkjerådet har lagt fram ein fyldig årsrapport, med eigne helsingar  frå prestar, diakoninemnd og organist.  Aktiviteten har vore god gjennom året viser dei klare tal i   statistikken (sjå eige oppsett). Her frå innleiinga i årsmeldinga:  

«Korleis har Nysæter kyrkjelyd vore kyrkje for folk i Sagvåg og Litlabø det siste året? Med å invitere til ulike samlingar gjennom heile veka har me vist at me bryr oss og ønskjer å legge til rette for at Nysæter kyrkje kan vere « ein heim for alle, her finn me tru, håp og kjærleik i Guds hand». Med å vere gjestfrie og rause ønskjer me å vise at kyrkja bryr seg.

Ungdomsskuleelevar vert møtt kvar mandag av vaksne som ser dei og som gir dei mat og struktur til å få gjort leksene.

Kvar tysdag har heimeverande med små barn blitt møtt med føremiddagsmat og med høve til å knytte nye kontaktar og utvide nettverket sitt. Dei møter ei open og raus kyrkje med vaksne som bryr seg.

Kyrkja har to gonger kvart semester lagt til rette for uformell ettermiddagskaffi der invitasjon er sendt på SMS til alle frivillige me har notert telefon til. Dette er eit tiltak for å styrke det sosiale samhaldet i kyrkjelyden.

Puls på livet med sofaprat kunne halde fram etter at koronarestriksjonar vart oppheva 12.02.22. Desse samlingane er verdfulle for fellesskapet. Enkeltpersonar vert sett, løfta fram og får dela av sine røynsler og sitt liv.

Kyrkjeringen er trufaste og produserer stadig basargevinstar. Planen er ny basar hausten 2023. Her er eit fellesskap med flittige handarbeidsfolk med plass til fleire.

Me har gjennom enkeltarrangement og vore til stades som kyrkje. Som å servere frukost til slitne skolekorps-musikanter på 17. mai. Me deltok på stand på torget på Folkehelsedagane i juni. Og har delteke med informasjon på Sagvåg forum sin samling i mars. Me har ved eit par høve hatt open kyrkje etter tragiske hendingar.»

Nysæter2019202020212022
Døypte38213028
Konfirmerte24343326
Vigsler1221
Gravferd21141413
Gudstenester51566456
Deltakarar5 4943 0983 1864 410
Takkoffer223 954144 955134 738184 251
Utmeldingar16132114
Innmeldingar3134