– Stussleg byvelkomst

Hadde høvt med ei velkomsthelsing til Leirvik her.

To grå ordtomme pallar lente mot kvarandre. Det er per dato installasjonen som helsar velkomen til Leirvik, for trafikantane som svingar mot sentrum via Fv 544 på Vabakkjen. Pallane er plassert midt i rundkøyringa og har trona på  staden lenge. 

Stordront.no har sett på  byvelkomsten over tid og tykkjer meir og meir det er stusslege saker.  Kva med godt lesande bokstavar som  seier «Velkomen til Leirvik»?  (Det var vel ein gong noko slikt det vart  arbeidd for å få til på Gangbrua over E39 på Heiane). Litt lenger sør i  verdsdelen vår er det ganske  vanleg at  rundkøyringar vert  pynta med gilde oppkvikkande helsingar. Så kvifor ikkje på Vabakkjen på Stord?