Gratisferje  også i det komande året

Betalingsfritt for person og bil med ferja til og frå Nordhuglo også i 2023 (Foto: Steinar Hystad)

Bil med på ferja på  strekningane  Jektavik-Nordhuglo, Hodnanes – Nordhuglo  og Sandvikvåg-Husavik  vart i sommar   gratis. Ved inngangen til eit nytt år, fell det då naturleg å spørja  om den gustige ordninga skal halda fram?

–  Me har ikkje høyrt noko anna, det blir som det er på det området, seier  Tor Kristoffersen i  Fjord1

–  Merka  selskapet nokon oppsving  i tal bilar på sambanda etter at gratisbilletten kom?

–  Då me  gjorde ei undersøking tidlegare i haust, var det ikkje  registrert  markerte endring i reisemønsteret.  Det kan det kanskje bli meit av  når me kjem til hausten i det komande året, når det blir innført  gratis bilfrakt på nokre nye strekningar. Førebels er det uvisst kva samband dette gjeld, seier Kristoffersen  til stordront.no