54 meter flytekai sleit seg

Ytre flytekai rek ut mot farleia til ferja (Foto: Tipsar)

Det ruska godt i  den nordvestlege stormen i Langenuen fredag. I eit av dei heftigaste  vindkasta  brotna kjettingen som held ein av flytekaiane i Huglo Båtlag si hamn på plass. Kaien kom på rek mot farleia til  ferja  og frå brua vart det sendt ut melding om at turar til/frå Nordhuglo måtte kansellerast fram til  flytekaien igjen hadde fått landfeste. Frå 17,35 var  ferja i normal rutefart.  

Når huglarane vart observante på kva som hadde skjedd, gjekk det ettermåten kvikt å mønstra arbeidsvillige hender, traktor og båt til å få flytekaien inn att. Like heil, det same som båtane som låg i båsane sine. Ikkje ei skramme.

Dei to flytekaiane i  Nordhuglo småbåthamn, er  begge sette saman av tre at meter lang seksjonar, totalt 54 meter lange.

Tauet er festa, flytekaien blir dregen til lands (Foto: Tipsar)