Nærmar seg

Har fungert både som lager og bilverkstad – riving er neste. (Foto: Steinar Hystad)

For fire år sidan var det meste klart for fjerning av gamle-bygget  attmed snikkerverkstaden på Vabakkjen. Søknad om riving var sendt og det same var søknad om eit nybygg som skal fungera som lokale tilknytt Stokka sin trevareverkstad.  Frontagruppen er eigar av tomt og bygg.  Fylket svarte den gongen nei, i påvente av vegval frå fylkesvegen og opp til nye Stord vidaregåande skule der rive- og byggearbeidet alt er kome i gang. I godkjente planar har Vestland fylkeskommune teikna inn gangveg til nyeskulen vest for snikkerverkstaden og køyreveg til skulen som ein fjerde arm  ut frå rundkøyringa ved Circle K. Fylkeskommunen har  ingen innvendingar til  Fronta sine planar for tomta, går det fram av nyleg utsendt epost.

– Er det då klart for riving av det salryggja gamlebygget og bygging av nytt ?

– Me er klare, men det skjer ikkje noko praktisk før kommunen har kome med si endelege godkjenning av prosjektet, seier Kurt Arne Tyse i Fronta-gruppen  til stordront.no