Jazz og poesi med lokal trio

(Foto: Stord Jazzklubb)

Horvei, Hystad, Gjersvik Jazz & Poesi er laurdag komande klare for jazzklubben igjen. Poet Truls Horvei har med seg to krem-musikarar, Ole Jacob Hystad på saksofon og Ole Amund Gjervik kontrabass. Dei to spelar standardlåtar, og dei framfører musikk til Horvei sine dikt.

Dikta til Horvei er overraskande, alvorlege – og til å humre av.

Mykje av materialet er henta frå pandemiboka hans, “Noen gram stillhet” (2021). Framleis aktuelle dikt som folk vil kjenna seg igjen i. Sjå ikkje bort i frå at Horvei improviserer nokre dikt, mens Hystad og Gjersvik hiv seg utpå, skriv jazzklubben på heimesida..

Konserten er på Stord Hotell, i «Gjøa» 9.etasje i høgblokka og startar  kl 1500