Treffsesongen i gang i Hagerupshuset

Frå eit tidlegare torsdagstreff i Hagerupshuset. (Arkivfoto: Steinar Hystad)

– Det kan vera verd å minna om at desse treffa er opne for alle i alle aldrar. Ein treng ikkje vera komen til pensjonsalder, om nokon skulle tru det, seier Kristian Lunde. 

I ei lang og god årrekkje har han leia  det månadlege Torsdagstreffet  venelaget  inviterer til i Hagerupshuset, det kvite verna stashuset midt på Leirvik.  2. februar  (kl. 18:00) er dei i gang med vårsesongen.

– Me følgjer tradisjonelt opplegg, med song, kulturelt innslag, god musikk, spennande loddsal med trekking, kaffi, mat og prat.  Ei hyggjestund, kort og greitt. Denne gongen blir Harald Tjønn med og fortel om Helga Tjønn sine viser og dikt, opplyser Lunde. 

Venelaget står for drift av huset, der det på dagtid  er kafè i  nordre stova.