Haugalandet og Sunnhordland jordskifterett omfattar i alt 15 kommunar i Sunnhordland og Nord-Rogaland, og har kontorstad på Stord. I 2022 kom det inn 45 nye sakskrav, og det blei avslutta 61 saker. Talet på føreliggande saker ved årsskiftet var 75. Det betyr at restansane har gått ytterlegare ned.
Med to nye jordskiftedommarar ligg det til rette for god saksgjennomføring i åra som kjem.
Hovudtyngda av dei avslutta sakene gjaldt tvistar om rettstilhøve, særleg knytt til private vegar og tvistar i strandsona. Resten gjaldt endringar i arealbruken samt rettslege skjønn, går det fram av årsmeldinga for fjoråret, som vart sendt ut før helga.
Rettsmekling har vore eit satsingsområde også i 2022. Mange av dei avslutta sakene blei avslutta ved rettsforlik etter rettsmekling. I 2022 blei 10 saker avslutta med rettsforlik etter rettsmekling.
I dei aller fleste tvistesaker og rettslege skjønn får partane tilbod om rettsmekling, melder jordskifteretten.