Ungdomskonsert i staden for UKM

Her frå scenen i Gropo, blir det konsert 9. juni. (Foto: Steinar Hystad)

Ung Kultur Møtes (UKM) har dei siste åra vore arrangert i samarbeid mellom Bømlo, Fitjar og Stord. Kommunane har samarbeida godt om arrangementet og det er nytta ein del ressursar på dette arbeidet.

Dei siste åra har me opplevd at tal på deltakarar har gått kraftig ned og i fjor var diverre veldig få deltakarar. Stord kommune har derfor bestemt at den tradisjonelle UKM-markeringa går ut i 2023 og at kommunen i staden for vil legge til rette for ein ungdomskonsert/arrangement i samband med Folk i Sentrum, fredag 9. juni.

Konserten vil bli i aktivitetsparken v/Stord kulturhus. Bømlo og Fitjar er informert om denne endringa.

Eining for kultur har vore i dialog med Vestland fylkeskommune, som har ansvar for UKM på fylkesnivå. Fylket meldar at det er mange kommunar som opplever det vanskeleg å arrangere UKM på den tradisjonelle måten og at fleire kommunar ynskjer å legge til rette for andre typar ungdomsarrangement.

Fylket meiner at Stord kommune sitt forslag om å laga eit ungdomsarrangement i samband med Folk i sentrum er eit flott tiltak, blir det meldt på den kommunale «heimesida».