Ender tok nye vassvegar

Endene kunne bruka symjeføtene sine midt i vassfylte gangvegar (Foto: Tipsar).

Siste døgera har bydd på enormt med nedbør, noko som har  ført til nye elvar  for  regnvatnet si ferd til sjøs.  Som det gjorde  søndag mellom Vikastemmo  og parkeringsplassen nedom skeisebanen på Vikahaugane. Der fløymde det over  gangvegane og ein måtte vassa  eller lura seg på ut i lendet for å kom sikkert fram.   Enklare då  for endene i området, som berre la seg på svøm på   dei nye vassvegane. 

Som dei fødde optimistar me er, høyrde me godt etter då  vèrvarslaren i radioen nemnde på at det kunne letta utover i veka.