Bluesfest med rik bluesmeny

Atle Hansen og Bømloblues imponerte på bluesfesten laurdag. (foto: Steinar Hystad)

– Blues har så mykje å by på. Blues er så mangt, sa Atle Hansen då han med bandet Bømlablues og kordamer inntok scenen på jazzklubben sin Bluesfest i helga. Publikum som sat «ringside» dei to kveldane, fekk mange gode prov på sanningane i songar, låtskrivar og gitarist Hansen sine utsegner.

I storform, Tubesnakes skal om litt til Austin Texas og spela inn ny plate. (Foto: Steinar Hystad)

Det gjekk frå den heilt autentiske varianten med gitar og munnspel med Kurt Slevigen Duo, til frisk og stødig  texas-blues frå Tubesnakes fredag.  Bandet er i storform og skal om litt til Austin for å spela inn ny plate. Hansen og band var  først på podiet laurdag, og det vart ei rein hyggjestund med eit knippe  gamle kjenningar frå  danselokala rundt oss, og især frå Bømlo. No framførte med nye (norske)  tekstar. Gode soger til taktfast musikk, slik bluesen skal vera.

Arne Skauge & The Procrastinators runda av festen. Kvartetten oste av både speleyst og rutine, og baud på ei konsertnyting for bluesglade.

Olav Fjell, leiaren i Stord Jazzklubb seier seg godt nøgd  med oppmøtet til  bluesfesten, som blei  halden i «Condeep’en»  på Stord Hotell. 

Arne Skauge i aksjon – til glede for lyttande publikum. (Foto: Steinar Hystad)