Kan bli demenskor på Stord

Frå serien Demenskoret (Skjermdump, NRK)

– Kva kulturelle og musikalske tilbod finst til demente i Stord kommune? Finst det eit musikkterapeutisk tilbod til denne gruppa? Finst det planar i Stord kommune for å setja i gang med eit demenskor eller liknande, dersom ikkje, er det mogeleg å få i gang eit slikt kor eller andre musikkterapeutiske tiltak for demente?

Med tilvising til  programserien  «Demenskoret» i NRK-TV, stilte  representanten Atle Hansen (SV)  ovanståande spørsmål i møtet til Utval for rehabilitering, helse og omsorg onsdag.  Her er administrasjonen sitt svar:

«Det er i samarbeid med frivillige mykje song og musikk på institusjonane i Stord kommune, med samlingar med allsong kvar veka. På landssnitt reknar ein at 80 prosent av dei som bur på institusjon mellom anna har ein demenssjukdom. Me reknar difor med at mange av dei med demens, som bur på institusjon i dag, har eit musikalsk tilbod. I tillegg er det mange songstunder med dei med demens som er på dagsenter.

Kulturskulen har kompetanse innan musikkterapi og har for nokre år attende vore i dialog med sjukeheimen og Knutsaåsen om kva tilbod og kompetanse dei har. For å lukkast med eit demenskor så må me tenkja at det og er eit apparat rundt koret, praktisk tilrettelegging m.m. Dette slik at ikkje dirigent/ musikalsk ansvarleg står åleine.

Eit slikt tilbod bør truleg vera for demente som framleis bur heima og då vil det kunna vera behov for ressursar til transport og anna. I denne samanhengen tenkjer me at frivillige kan bidra. Kulturskulen har naudsynt kompetanse og kan med litt omlegging i prinsippet gå i gang med eit demenskor i løpet av forholdsvis kort tid. Samstundes er kulturskulen sitt tilbod basert på sal av tenester. Ein måte å gjera dette på er at dei forventa/ budsjetterte inntektene til kulturskulen vert noko redusert. Kulturskulen meiner at for å lukkast treng dei tilsvarande 15 prosent stilling fordelt på to lærarar/ terapeutar»