Eit kvartes tid før konsertstart var det allereie fullsett på dei 155 stolane som er å finna i Horneland bedehus. – Ja, me hadde faktisk rekna med stinn brakke her i kveld, skjemta Roald Drønen i då han introduserte musikarar og songarar i nyaste «bandet» på øya: Herrens Glade Gutter frå Fitjar.
Etter suksesskonsert i Bekkjarvik søndag, tok dei turen sør til Horneland fredag kveld.
Det spesielle for denne glade gutegjengen er pianist og trekkspelar heiter Harald Rydland og rytmegitaristen heiter Sigurd Maraas – høvesvis ordførar og varordførar i Fitjar kommune.
Låtar frå Elvis og Broder Åge fylte programmet, som vart motteke med rikeleg applaus.