10 års jubileum for  Skjephaugplassen

10 har turfolket hatt gapahuken i Skjephaugen som turmål. Her frå kaffistund med «Aktiv til 100». (Foto: Steinar Hystad)

– Jammen går tida fort! Har da alt gått 10 år sidan denne vart bygt, sa turgåaren og peika mot det vesle treskiltet over inngangspartiet på gapahuken i Skjephaugen. I treklossen er årstalet 2013 inngravert, sjølve staden det turhytta står er skilta med  Skjephaugplassen. 

Eit par år etter at seniorar i Stord Fitjar Turlag hadde bygt gapahuken, på dugnad naturlegvis, kom det endå eit skilt på treveggen. Med godt med  folk til stades, vart Skjephaugplassen kåra til «Ambassade» i høve friluftslivets år.  Dette var tredje gapahuken i turlagsregi. Frå før hadde ein slike turmåltilbod ved Rydlandssago og på Lundarstøl. Seinare er det kome til gapahuk i Stuvikjo ved Ådlandsvantet, ved breidda av Hustrudalsvatnet på Litlabø  og ved Kidnavatnet i Fitjar.  Turlagsmedlemer, står for tilsyn og vask, på dugnad naturlegvis.

Turlagsleiar Gerda Øen er overtydd om at kvilehyttene har hatt mykje  å seia for den solide og aukande interessa  for å ta seg ut i naturen på øya vår. Aktiv til 100 aktiviteten har vore og er ein suksess, i så måte.

Øen nyttar også høve til å senda takk til velvillige grunneigarar ved desse prosjekta.

Ved Hauglandskverna har Rotary sett opp gapahuk, og det same har Sagvåg Bygdalag gjort på Vaskeriplanet i Gruo.