Inviterer til nyttårskonsert – med meir

Stord Musikklag i aksjon på julekonserten i Stord kyrkje (Foto: Steinar Hystad)

– Nyttårskonserten er  tilbake til det vanlege tidspunktet, som er nest siste laurdag i januar, i år den 21. Me i laget ser alltid fram mot denne ettermiddagen.  I år vil me kunne framføra eit variert program med mykje av det laget har jobba med i inneverande sesong, mellom anna frå vestlandsmeisterskapen der me i fjor haust vann vår klasse. Også i år har vi med gjester  frå  kulturskulen, skriv Stord Musikklag på nettsida si.

Som det har vore vanleg siste nyttårskonsertane,  nyttar  Stord kommune den musikalske samlinga som arena for å dela ut prisar knytt til kulturelt arbeid.  Laurdag komande  skal så  Den kommunale  kulturprisen for 2022  tildelaste  Olsen og Jensen Viseklubb  ved Endre Olsen og Vidar Hope.  Målprisen blir tildelt  serveringsstaden Åtgaum, medan  Eldsjelprisen blir tildelt  Torbjørn Marthinsen for  god leiing av Venelaget for Gruo.  Tilgjengeprisen 2022  blir tildelet Stord Flyktningeteneste.  Magnhild Halland vart fjorårsvinnar av  det kommunale kulturstipendet.

Mykje å gleda seg til i storsalen i Kulturhuset, med andre ord.