![](https://usercontent.one/wp/www.stordront.no/wp-content/uploads/2023/01/bading1_180123-1024x696.jpg)
– Hæærrli, sa den unge mannen, nett komen opp frå sjøen ved Notahaugsbryggjo
– Det kan du ikkje meina, kommenterte den huttrande skribenten
– Faktisk fleire varmegrader i sjøen enn på land, fastslo badaren.
Han var onsdag føremiddag ein av vel 60 elevar på Stord Folkehøgskule som deltok i badedagen.
Eit prosjekt gjennomført i beste militære ånd, med påmelding og avmelding til «befalet». Ikkje så lite inspirert av Kompani Lauritzen (frå TV) – men lokalt på Vikjo avvikla under namnet Kompani Laurhammar, sidan rektor ber etternamnet Laurhammar.