– Korleis kan gatefotball-banen bli realisert?

Ei heil tid har delene til den arva kunstgrasbanen lege klar til montering på grusbanen i Studalen. (Foto: Steinar Hystad)

– Frelsesarmeen har over lengre tid forsøkt å finna lokalitet til ein mindre kunstgrasbane. Etter ein del leiting landa dei på å vidareutvikla den eksisterande grusbanen i Studalen til eit skikkeleg nærmiljøanlegg. Grusbanen har lege brakk over lengre tid grunna forfall og byggearbeid. Frelsesarmeen har arva ein kunstgrasbane dei ønskjer å få montert på grusen, men støyter på utfordringar rundt etableringa.

Gruppeleiaren i Venstre, Geir Angeltveit, innleiar med desse opplysningar eit grunngjeve spørsmål han ønskjer til drøfting i Utval for oppvekst og kultur på første møtet i 2023. Angeltveit har merka seg svaret Frelsesarmeen nyleg fekk på søknaden om å gå i gang med  gatefotballbanen i Studalen. 

– Der kom det merknader/utfordringar om trafikkavvikling og støymåling. Med tanke på sistnemnde så har det vore fotballbane på staden før, så kva er grunngjevinga for at no krevst ny støymåling for å oppgradera anlegget, skriv Angeltveit. Han ser kunstgrasbanen som ei positiv innslag samanlikna med dagens forfalne status. 

Politikaren ynskjer svar på desse spørsmåla:

– Korleis kan me samarbeida med Frelsesarmeen for å realisera anlegget? Ønskjer kommunen aktivitet på dette arealet eller er det fleire utfordringar?