Dekk slengt vekk

Mange dekk på avvegar frå «Tarzan-løypa» ved Nordbygdo Ungdomsskule.(Foto: Tipsar)

I «Tarzan-løypa»  i det flotte nærmiljøanlegget ved Nordbygdo Ungdomsskule er det lagt opp til at ein kan slengja  seg frå dekk til dekk.  Med ei biletsending til  stordront.no frå ein som la turen gjennom sportsparken ved skulen  andre juledag, følgjer spørsmålet om noko har misstydd dette med å slengja. 

–  På bakken  nedfor  gropa talde  eg seks dekk, vidare låg det dekk inn mot skogen  så her har ein kvan tydeleg vis  slengt dekk  vekk, i staden for å slengja seg sjølve frå  dekk til dekk.   Vonleg  finst det eit «tilsyn» som kan organisera  ryddesjauen,  seier  turgåaren.