– Lubber like trygt som broddar?

Spanderer du eit lubbepar utpå skorne går du trygt på glatten.

Eigaren av desse føtene utstyrte med lubber utpå skorne, gjekk stødig og trygt på glatt snøis i sentrum av Leirvik. Han meinte lubber som antigli ligg hakket over broddar i tryggleik. Så er då også lubbetrikset gamalt og velprøvd, like frå den tida oska frå vedomnen var strålande  middel å strø på  isen i gangvegane.  Berre prøv.