Kvit jul  på Grov

(Foto: Steinar Hystad)

Ein køyretur frå Førlandskrysset til Uføretunnelen, stadfestar at det er noko sært med nedbør og snøfall på denne strekningen av E39. Snøen som gjorde det kvitt og julevakker over heile øya for ei god veke sidan, ligg framleis  på Grov og Agdestein – medan resten av øya stort sett er «avkledd». 

Med dette bilete frå Nordre Grov teke i lunsjtid vesle julaftan, ønskjer  stordront.no lesarar og gode vener ei høgtidsam og roleg julehelg.