Pergola til glede – straumpris utfordrar

Den nye pergolaen i inngangen til Huglabutikken er blitt eit populært samlingspunkt ved ferjekaien. (Foto: Steinar Hystad)

– No har me nett nådd målet på 100.000,- kroner  i ny aksjekapital til butikken vår. Takk til alle som har teikna aksjar i år!  Me har fått ein flott butikk med moderne drivstoffanlegg, ny flytekai og til slutt pergola over inngangen. Den har øya glede av. Då me opna julegata i år, sette me på lys og varme i pergolaen, og folk sat minst ein time og kosa seg med varm gløgg og prat. Det er kjekt at dette fungerer så godt.

Dette står å lesa i  julehelsinga frå styret i den  folkeeigde Huglabutikken AS. Her blir det  slått fast at  butikken klarar seg rimeleg bra framleis, men høge straumprisar er krevjande.

–  Me har hatt store straumutgifter i år, om lag 160.000 kroner ut november,  mot 69.000 kroner for heile 2021. Me har nett fått 17.000 i straumstøtte for september til og med november. Det hjelper sjølvsagt litt, men det er handelen å lita på, fastslår styret og sender ønskjer om ei god julehelg til trufaste kundar.

Ved å skru ned tempen har Huglabutikken AS teke tak for å få mindre sum på straumrekningen (Foto: Steinar Hystad)