Fekk svar om kunstvedlikehald

Eining for kultur betalte då «Fiskedama» vart rehabilitert og flytta frå Sunnhordlandshopen til vestibylen i Kulturhuset. (Foto: Steinar Hystad)

Fredrik Ugland Litleskare (H)  stilte i kommunestyret tysdag tre spørsmål kring den  kommunalt eigde kunsten i Stord.

  1. Kva avdeling er det som betalar for vedlikehaldet?  
  2. Har desse avsett fond/konto for slikt vedlikehald? 
  3. For å kvalitetssikra vedlikehald,  burde det ikkje vore avsettt midlar frå utsmykkingsfondet til slike føremål?

Administrasjonen svarte:

  1. Vedlikehald av kunst har vore betalt noko ulikt. Enkelte verk har eining for kultur tatt ansvar for og betalt, medan eining for tekniske tenester har tatt ansvar for og betalt andre verk. Dagleg/mindre vedlikehald har vore betalt ved dei einingane som har kunstverket hos seg. Eksempel er kunstverket på Torget som vart betalt av tekniske tenester, mens «fiskedama» vart betalt av eininga for kultur.
  2. Midlar som er avsett til generelt vedlikehald av anlegg og uteareal vert og nytta til vedlikehald av kunstverk. Ei prioritering i bruk av disse midlane vert gjort av leiar. Det er ikkje satt av eigne øyremerka midlar til vedlikehald av kunst.
  3. I reglement for kunstordninga i Stord kommune står det i punkt 2 at det bør setjast av driftsmidlar til administrasjon av ordninga, vedlikehald, forsikring, formidling m.m. Ved revidering av reglementet for kunstordninga bør dette punktet vurderast endra dersom det skal vera øyremerka midlar til vedlikehald av kunst.