Lokale bøker sel godt – som alltid

Populære bøker på «lokalbordet» (Foto: Steinar Hystad)

På Norli bokhandel  i Amfi Stord er det i desse førjulstider rigga til eit eige bord med bøker frå lokale forfattarar. Når stordront.no  i innspurten på gåvehandelen frittar frampå om interessa denne boktypen, blir det stadfesta  at  det kjem til å liggja mange bøker skrive av sunnhordlendingar  under treet også i år.

– Dei sel jamt godt alle, seier ekspeditøren og peikar mot lokalbordet.  Der ligg  «Kanskje fuglane vett»  frå Arne Torget,  «Motstandsmann og medmenneske – om Johannes Sandvik, ført i pennen av Harald Johan Sandvik. Der ligg  «Vestlandsvegar» av Halvor Folgerø, romanen «Arvid, Anna og Aud» av Atle Hansen og  «Til jord skal du bli» av Anders Totland. 

Stord sogelag sitt årsskrift er på plass, saman med storformatbøker om kunstnaren Jakob Klippen, om «Tynesingar i Amerika» om «Okkupasjonstid  i Sunnhordland».  For litt sidan kunne tidlegare  elevar frå Ivarsøy skulekrins  leggja fram storslagen minnebok frå  livet i Fitjarøyane  for nokre tiår sidan.

På  bokbutikken i HSD-senteret på Svortland har eit rikt utval lokalbøker i haust auka med tre nye utgjevingar.  «Av sild e du komen»,  historien om Espevær gjennom tidene, skriven av medlemer av historielaget på «øya vestom øyane». Kurt Inge Larsen har signert «Magiske Melkevik», soga om det som ein gong var omtalt som sentrum på Bømlo og som no er like kjend som feriedestinasjonen ved Kuleseidkanalen.  Geir Einarsen har saumfare «Bømlo på Kryss og Tvers» og det har resultert i ei omfattande biletbok. Dei to sistnemnde utgjevne på det lokale Bokmaker Forlag AS.

Hans Oskar Vikse i Bokmaker Forlag AS med dei tre nye bømlabøkene. (Foto: Steinar Hystad)