Kan hiva den eine faktuaren…

To like er sjeldan vare, så du kan hiva den eine.. (Foto: Steinar Hystad)

Ein teknisk feil, er grunnen til at somme huseigarar i Stord har fått to (likelydande) fakturaer på kommunale eigedomsgebyr med forfall 20. desember  2022.

På den kommunale heimesida, kan følgjande kunngjering  lesast i desse dagar:

«Har du fått faktura på kommunale  avgifter to gonger i nettbanken?  Dersom du har fått to like fakturaer, kan du sletta den eine.  

Fakturaen er berre registrert ein gong i systemet hos oss, men ved utsending har det skjedd ein teknisk feil. Me orsaka dette.»