Dublering sikrar vassløpet  frå  Vaulane

Røyra som skal leggjast i tunnelen er no lagra ved Lundsseter Kraftstasjon. (Foto: Steinar Hystad)

Entreprenørselskapet Vassbakk og Stol AS er for tida i full sving med anleggsarbeid som skal sikra vassrenning frå samlingsdammen i Vaulane og ned til kraftstasjonen på Lundsseter.

–  For å etterkoma tryggleikskrava blir det skote ein tunnel omlag i same traseen som for røyrgata som alt ligg i dalen  nedover mot stasjonen. I tunnelen skal det leggjast nye røyr. Det blir ei dublering av kapasiteten, og skal vera «redningen» for den kommunale vassforsyninga dersom  noko uventa skulle skje med dagens tilførsle,  seier  Arnstein Hetlesæter, fagansvarleg for vatn og avløp i  Stord tekniske tenester. 

Arbeidet er stipulert til  40 millionar kroner, og skal vera klart  til  komande sommar.  Steinen som blir teken ut i samband med prosjektet, blir ei tid framover  mellomlagra på parkeringsplassen ved Fjellstova.