Askeladden har seg ein kort ferie…

I den søte julegrauttida blir trollet åleine i eventyrstova si. Askeladden kjem attende på nyåret. (Foto: Steinar Hystad)

Om ikkje så veldig kjekk, så er det ein god forklaring på at Askeladden for tida er vekke frå plassen sin ved grautbordet hos trollet i Eventyrskogen.

– Etter angrep av svoltne mus var figuren så ille medfaren blitt at han beint måtte til rehabilitering. Ein tur innom kirurgisk avdeling i systova mi. Der blir han nok til jula har passert, seier Åshild Bjelland Kallekleiv som er «mor» til alle dokker, troll og nissar i skogen. 

Ho tipsar om at ei ekstra stemningsfull oppleving ventar dei som legg turen til Trollskogen, Eventyrskogen og  Stubbenissane når det skumrast i tre-firetida. I år er det nemleg meir lys i området enn nokon gong før.