Lenge fekk ein raud og kvit herresykkel stå i fred i enden av Notahaugskaien. Punktert på framhjulet rett nok, men såg elles ut til å vera i rimeleg god stand. Brått var han borte og ein kunne falla i den gode tru at sykkelen og eigaren hadde funne kvarandre. Realiteten er ein annan. Han vart hiven på sjøen.
No ligg doningen på botnen, rett utfor Notahaugskaien.