
Som skrive her på Stordront.no nyleg, har det kome mange spørsmål frå kommunestyremedlemene til kommunedirektøren etter presentasjonen av budsjettforslaget for 2027. Inga Lote (H) spør mellom anna om kva
inntektspotensiale som ligg i «full» avgiftsparkering i Leirvik sentrum. Svaret frå administrasjonen lyd:
«Eit grovt estimat; Om lag 200 parkeringsplassar i Leirvik sentrum (inkl. t.d. Sæ,Torget, Torgbakken, Vidsteentunet, SKE-bygget, Snøggbåtterminalen, m.fl). Reknar me ein timesats på 16 kroner og avgiftsparkering 8 timar per
dag, 5 dagar i veka, er det teoretiske brutto inntektspotensialet 6,7 mill. kroner årleg ved fullt belegg. Frå dette må det trekkjast kostnader knytt til etablering og drift av betalingsløysing, skilting, kontroll og administrasjon. Det er ikkje rekna på desse etableringskostandene, men dei vert forholdsvis høge grunna mange lokasjonar. Dersom det skal innførast t.d. 2 timars gratis parkering, vil dette kome i fråtrekk. Eit eksempel frå det som truleg var det siste året med parkeringsavgift i sentrum, 2014 der me hadde automatinntekter på 1,27 mill. kroner. I tillegg hadde me dette året inntekt på 0,45 mill. kroner i gebyr. Det var gratis parkering i Sæ.»
