
Sidan det også i offentlege dokument står å lesa Skottaberg og Skottabergkaien, kan det vera grunn til å understreka med minst to strekar at korrekt og vedteke namn er – Skotaberg og Skotabergkaien.
Her eit sitat frå side 25 i boka «Namnevandring i Stord og Fitjar» (av Kari Lønning Aarø og Jan Rabben): «Eit namn som Skotabergjet heng truleg saman med at dei skota tømmer her før. Mange har kopla der til skottehandelen, men uttalen av namnet, Skåtabergjet, talar mot ei slik tolking.»
Spør ein etter tydinga av ordet skota, svarar KI: «I fleire dialektar blir ordet brukt meir generelt om å skuva, dytta eller støyta noko i veg. Til dømes kan ein skota tømmer framover…». Her kunne me lagt til eller nedover, slik det vart gjort då det var skota tømmerstokkar nedover Skotaberget og i sjøen Skotabergkaien.
