
Fylkesutvalet vedtok 24. august å legga Regional plan for areal og mobilitet og Regional plan for verdiskaping og kompetanse ut på høyring. Det betyr at kommunar, lag og organisasjonar, næringsdrivande, utdanningsinstitusjonar, ungdomsutval og heilt vanlege innbyggjarar no kan vere med og påverka, går det fram av pressemelding frå fylkeskommunen.
Fylkestinget skal vedta dei endelege planane i mars, etter å ha gått gjennom alle innspel som kjem inn. Du kan gje innspel fram til 1. november
Bak dei lange plannamna ligg spørsmål som får betydning for utviklinga i alle delar av fylket: bustader og næringsareal, vegar og transport, arbeidsplassar og utdanning, energi, natur og beredskap.
Og ikkje minst: Korleis skal Vestland utvikle seg når vi blir færre i arbeidsfør alder og konkurransen om folk med rett kompetanse blir hardare?
– Desse planane vert styringsverktøy for heile samfunnsutviklinga i Vestland. No håpar eg at kommunepolitikarane i Vestland nyttar sjansen, og seier kva retning dei vil ha. Ved å engasjere seg og kome med innspel no, er ein med heilt frå starten, seier fylkesordførar Askeland.
Eitt av dei seks hovudgrepa i areal- og mobilitetsplanen er eit prioritert hovudtransportnett. Målet er eit trygt og påliteleg transportsystem som bind fylket saman og støttar både kvardagsreisene våre og transportbehova til næringslivet.
Samtidig skal bustader, arbeidsplassar, tenester og transport sjåast meir i samanheng.
Bergen er fylkessenter, medan Førde, Leirvik, Voss, Sogndal/Leikanger, Odda, Nordfjordeid, Florø, Kleppestø, Straume, Knarvik og Osøyro er peika ut som regionsenter. Tanken er at sterke regionsenter skal sikra tilgang til arbeidsplassar og tenester og bidra til busetjing og verdiskaping også i kommunane rundt.
